Små kokkar

Barnehageåret 2026–2027 har Ålhus barnehage valt mat og helse som satsingsområde. Gjennom prosjektet «Små kokkar» ønskjer vi å gi barna gode opplevingar knytt til mat, måltid og fellesskap. Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen i barnehagen. Gjennom «Små kokkar» vil barna få vere aktive deltakarar i matlaging, utforske nye smakar og lære meir om kvar maten kjem frå. Vi legg til rette for meistring, undring og gode opplevingar rundt matbordet. Samtidig ønskjer vi å styrkje barna si forståing av samanhengen mellom mat, helse og trivsel.

Prosjektet «Små kokkar» byggjer på fleire sentrale element som saman skal bidra til eit sunt, inkluderande og lærerikt matmiljø i barnehagen.

Vi legg vekt på å tilby næringsrike måltid med grove kornprodukt, frukt, grønsaker og magre meieriprodukt. Måltida skal gi barna energi til leik og læring, og vere med på å danne grunnlaget for gode kosthaldsvanar.

Matglede og meistring står sentralt i arbeidet vårt. Barna får vere med i matlaginga, smake på nye matvarer og oppleve at dei meistrar ulike oppgåver på kjøkkenet. Vi ønskjer at barna skal oppleve maten som noko positivt, spennande og lystbetont.

Det pedagogiske måltidet er ein viktig arena for læring og fellesskap. Personalet er aktive rollemodellar, og måltida blir brukte til gode samtalar, språkstimulering og sosial utvikling. Vi ønskjer å skape ei roleg og hyggeleg måltidsstund der alle opplever tilhøyrsle og fellesskap.

Vi arbeider også med å etablere gode rutinar og vanar gjennom dagen, med faste måltid som frukost, lunsj og ettermiddagsmat. Dette gir barna tryggleik, forutsigbarheit og gode rammer rundt måltida.

Berekraft og kunnskap om maten sitt opphav er ein naturleg del av prosjektet. Barna får lære om kor maten kjem frå, korleis han blir produsert, og kvifor det er viktig å ta vare på ressursane våre. Vi legg vekt på å gjere barna bevisste på verdien av mat og å redusere matsvinn.

Gjennom veka har vi faste mataktivitetar:

  • Kvar måndag bakar vi brød som vi et gjennom veka.
  • Annankvar tysdag lagar vi suppe eller havregraut.
  • Kvar torsdag serverer vi varmmat.
  • På turdagar nyttar vi også stormkjøkken når forholda ligg til rette for det.
  • Kvar månad har vi ei eiga «Månadens oppskrift» som barna får vere med å lage. Oppskriftene blir tilpassa slik at barna kan forstå, delta aktivt og oppleve meistring.

Alle barna får sin eigen «Små kokkar»-perm der dei samlar oppskrifter gjennom året. I permen vil det også vere diplom, bilete og små «bevis» på kva dei har smakt og vore med på. Dette gir barna ei kjensle av meistring og stoltheit over eiga utvikling, samtidig som permen blir eit minne frå året som liten kokk i Ålhus barnehage.

Kopling til rammeplanen

Gjennom prosjektet arbeider vi særleg med fagområdet Kropp, rørsle, mat og helse, men også med Natur, miljø og teknologi, Kommunikasjon, språk og tekst og Nærmiljø og samfunn. Barna får bruke sansane sine, samarbeide, utforske og utvikle kunnskap gjennom praktiske erfaringar og aktive opplevingar. Dette legg grunnlag for livsmeistring, gode helsevanar og lærelyst.