Små kokkar

Barnehageåret 2026–2027 har Ålhus barnehage valt mat og helse som satsingsområde. Gjennom prosjektet «Små kokkar» ønskjer vi å gi barna gode opplevingar knytt til mat, måltid og fellesskap. Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen i barnehagen. Gjennom «Små kokkar» vil barna få vere aktive deltakarar i matlaging, utforske nye smakar og lære meir om kvar maten kjem frå. Vi legg til rette for meistring, undring og gode opplevingar rundt matbordet. Samtidig ønskjer vi å styrkje barna si forståing av samanhengen mellom mat, helse og trivsel.

Kunstgruppa

I Ålhus barnehage ønskjer vi å gi barna moglegheit til å uttrykkje seg gjennom kunst og kreative aktivitetar. Gjennom Kunstgruppa får barna utforske ulike materiale, teknikkar og uttrykksformer i eit trygt og inspirerande miljø. Vi legg vekt på skaparglede, nysgjerrigheit og meistring, der prosessen er like viktig som det ferdige produktet.

Nyheter

Laster..